Heilt sidan 2008 har Ungt Entreprenørskap og Sogn Regionråd, saman med ulike vertskommuner, invitert ungdomsskuleelevar frå heile Sogn til ein dag der entreprenørskap står i fokus. No er planlegginga av neste års messe i gang, som vil bli arrangert i Sogndal 8. april 2025. Vi gler oss allereie til å sjå alle dei flotte ungdomsbedriftene i Sogn samla i Fleirbrukshallen på Kvåle i Sogndal!
Sogndal er vertskap for Entreprenørskapsmessa i 2025, og me ser fram til ein spennande dag i Sogndal 8.april. Entreprenørskapmessa er eit årleg arrangement for ungdomsskuleelevar i 8. og 9. klasse i kommunane i Sogn. På dagen presenterer 9.klasseelevarelevbedriftene sine for 8. klasseelevar, i tillegg til at 8. klasseelevar reiser rundt på besøk til lokale bedrifter. Dei får også høyra på gründerforedrag i løpet av dagen og besøke lokale bedrifter på stand. Totalt er det om lag 500 elevar som er med på messa denne dagen. Arrangørane av årets messe er det regionale prosjektet «System for styrkt læring» , «Ungt entreprenørskap» og Sogndal kommune. Messa har fokus på regional utvikling og lokal samfunnsutvikling, styrkja den entreprenørielle utviklinga til elevane i regionen. Samarbeid med vertskommunen og lokalt næringsliv er dermed viktig i dette arbeidet.