Tilbake til alle arrangementer

Påsketreff & Standup

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

Bli med på Påsketreff i Vik! 🐣🎿🍻

Nysgjerrig på jobb og moglegheitene som finst i Vik? Etter ein dag på ski eller i solveggen, ta turen innom Blix for ein kaffi, noko godt i glaset og ein triveleg prat!

Her møter du heimflyttarar, tilflyttarar og bedrifter som ser etter akkurat DEG. Kanskje er draumejobben din i Vik – med kort veg til fjellet, gode bumoglegheiter og ein kvardag der jobb og fritid går hand i hand?

💛 Kva skjer?
🎤 Sofaprat med spennande historier frå folk som har valt Vik – og kvifor!
🍽️ Mat, god stemning og mingling
😂 Standup med Raymond Falldalen
🎶 DJ & hyggeleg afterski
🎟️ Bedriftsbingo med sjanse til å vinne festivalpass til Fres

👉 Det er heilt gratis å delta!

📍 Påsketreffet er i regi av Vik Næringssamskipnad i samarbeid med Vik kommune.

Program:

⏰ 17:00–18:00 – Velkomst og mingling med bedriftsbingo
🛋️ 18:00–19:00 – Sofaprat med lokale historier
🍽️ 19:00–20:00 – Matservering og mingling
😂 20:00–21:00 – Standup med Raymod Falldalen
🎶 Etter 21:00 – Musikk, DJ og god stemning

For bedrifter:

Bli med og vis fram moglegheitene i Vik! Kanskje møter du framtidas jobbkandidatar?

🏢 Dette får bedrifter:
✅ Standplass for å vise fram jobbmoglegheiter
✅ Moglegheit til å spele inn ein 1-minutts video i forkant, der de viser fram arbeidsplassen og fortel kort om kva de gjer
✅ God tid til mingling og prat
✅ Bedriftsbingo! Deltakarane skal samle stempel eller svare på spørsmål om bedriftene – fullt bingobrett = lodd i premieuttrekking

💡 Framtidsfylket sine beste tips for ein god stand:
⭐ Engasjerte folk! Send dei som er stolte av jobben sin – dei beste ambassadørane dine!
⭐ Planlegg! Kva vil de vise fram? Eit nytt produkt, eit kult prosjekt eller arbeidskvardagen?
⭐ Tenk framover! Har de ikkje ledige stillingar no? Fortel om kva de vil trenge framover – sommarjobbar, trainee-stillingar eller anna.
⭐ Ver imøtekommande! Vis interesse, ta kontakt, og inviter folk vidare inn i bedrifta.

💰 Pris for bedrifter: 500 kr per stand (bidrar til underhaldninga for publikum).

👉 Meld deg på i dag – vi gler oss til å sjå deg på Påsketreff i Vik! 🐣

Forrige
Forrige
9. april

Frukostmøte Vik: Informasjonsmøte om Coop-bygget

Neste
Neste
22. april

Studietur: Lær meir om industriell symbiose