Tilbake til alle arrangementer

Inspirasjonslunsj på Sirkulærdagane ved HVL

  • Sogn Næring AS 30 Trolladalen Sogndal, Vestland, 6856 Norway (kart)

HVL Skape og Sogn Næring inviterer til smakfull lunsj og inspirerande presentasjonar i sirkularitetens teikn. Sammen vil vi ete og lytte oss gjennom dagen og forhåpentlegvis bli litt klokare på korleis berekraft innan mat og tekstil kan sjå ut.

Takk til Eigargruppa Campus som også har bidrege med midlar slik at vi kan servere endå meire mat!

KVA SKJER?

  • Lunsjen startar med ein herleg buffé laga av overskotsmat frå SmakeMeir. PS: Førstemann til mølla! Lise fortel om korleis dei jobbar med berekraft og redusert matsvinn.

  • Kort om gründerarbeidet til HVL Skape og Sogn Næring

  • Bøthun Gard vart Årets Lokalmatgründer 2024. Den lokale gründeren Mathilde vil snakka om "å skapa kontakt mellom dei som dyrkar maten og dei som et han, og om å bruka alle ressursane i ein grønsaksåker"

  • Jørn frå Simas vil snakka om "utsortering av tekstil og dela innsikt frå dagens situasjon"

  • Tekstildesignaren Estelle Bourdet driv med kreativ gjenbruk kreativ gjenbruk der ho lagar teppe og kunst av mellom anna klatretau. Ho kjem for å fortelja meir om dette og korleis ho starta si eiga bedrift.

  • Sogn Næring om "Korleis Sogn Sirkulære Biohub kan bidra til industriell symbiose i Sogn."

KVAR?
Biblioteket i 4.etg på Høgskulebygget.

NB: Det er bestilt ein mengde med mat, så kom tidsnok for å sikre deg ein deilig matbit fra SmakeMeir! Heilt gratis


Forrige
Forrige
23. mars

Seminar: Cider & Food pairing

Neste
Neste
7. april

Sosialt entreprenørskap, reparasjon og ombrukskveld på Meieriet