Lunsj med påfyll: Kampen om Førdefjorden
Stina frå Naturvernforbundet kjem for å fortelje om den pågåande miljøsaka i Førdefjorden. Staten har gitt Nordic Mining løyve til å drive gruveverksemd med deponi i fjorden, ei fjord som er kjend for store naturverdiar med fleire raudlista artar og som i tillegg er ein nasjonal laksefjord.
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at vedtaket om fjorddeponi er fatta på ulovleg grunnlag, og har derfor teke staten til retten for å hindre alvorlege miljøkonsekvensar for fjorden og livet i sjøen. I august fekk organisasjonane medhald i Borgarting lagmannsrett, og løyvet vart kjent ugyldig. Staten har anka saka til Høgsterett, så utfallet er framleis uvisst.
Samtidig held Nordic Mining fram som planlagt. Miljøorganisasjonane bad om midlertidig stans av gruvedrifta, men staten sa nei. Dei har derfor reist søksmål mot selskapet for midlertidig forføyning om å stoppe dumpinga. Saka vart behandla i Sogn og Fjordane tingrett i oktober, der Naturvernforbundet og Natur og Ungdom tapte og vart ilagt saksomkostningar på 2,5 millionar kroner.
Velkomen til ei lærerik og aktuell stund i lunsjen.