Tilbake til alle arrangementer

Næringspub Balestrand: Ny vinterfestival i Balestrand?

  • Balestrand hotell Balestrand Balestrand Norway (kart)

Saman med Balestrand Hotell ynskjer vi å invitere til næringspub i Balestrand torsdag 08 februar frå klokka 19:00. Her vil vi få besøk av Mons Johan Hole og representanter fra Holmatunet.

Frå Mons får vi for første gong høyre om ein ny og spennande vinterfestival som skal finne stad i Balestrand. Me veit ikkje mykje meir enn dette, men me gler oss til å høyre. Me får og litt kort info om framgangen på Holmatunet der ryktene seier at det blir opning av ein butikk same dagen.

Det blir lagt opp til ein flytande dialog med moglegheit til å stille spørsmål etter kvart. Målet er å skape ein kreativ atmosfære der aktørar kan møtast og få inspirasjon og kanskje lære noko nytt av dei mange innovative aktørane som finst i og rundt Balestrand. Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stede og slår gjerne av ein prat med dei som måtte ynskje det.

Arrangementet er ope for alle! Velkommen!

Tidligere arrangement: 8. februar
Bli kjent med næringslivet på Campus Sogndal
Senere arrangement: 13. februar
Frukostmøte Qulity Hotel Sogndal