Tilbake til alle arrangementer

Frukostprat i Vik - Budsjett og berekraft

  • Blix hotell 44 Sentrumsgata Vik i Sogn, Vestland, 6893 Norway (kart)

Onsdag 6. desember samlast vi til frukostprat i Vik.

Hovudtema for praten er kommunens budsjett og investeringsplanar. Kommunedirektøren kjem for å legge fram budsjettet og ha ein diskusjon rundt dette.

Vi får også besøk frå Årdal. Sitep i lag med Sogn Kompetanse og Rocketfarm kjem for å fortelje om seg sjølve, kva dei jobbar med og relevante prosjekt som er aktuelle for bedriftene i Vik. Dei ynskjer å invitere til dialog kring samarbeid, og korleis dei ulike miljøa kan jobbe saman for å nå utviklingsmål.

Vi starter som alltid med frukost fra kl. 7.30, programmet starter kl. 8.

Håpar du vil starte dagen din saman med oss.

Meld deg på under, slik at vi veit kor masse kaffi Jorunn Åsfrid skal koke til oss.

Senere arrangement: 21. desember
Heim til jul Sogndal - avlyst