ViteMeir skal rekruttere ny dagleg leiar

Erlend Fardal Lunde sluttar i ViteMeir.

Erlend Fardal Lunde kom inn som prosjektleiar hausten 2020 og har vore ei viktig brikke i å realisere senteret og bygge opp ein organisasjon for det nye vitensenteret på Kaupanger.

Styreleiar Tor Arne Ness er nøgd med tida dei har hatt i lag.

-Me har hatt eit særs godt samarbeid, og det har vore givande å få realisert ViteMeir i saman med Erlend og teamet. Me fekk lokka Erlend heim frå Bergen, og han trivst veldig godt i slike prosjektfasar der det kokar. Erlend er driftig og utålmodig, så det er ikkje heilt overraskande at han no søkjer nye utfordringar.

Avtroppande dagleg leiar Erlend Fardal Lunde overlét eit fantastisk lag med tilsette når han avsluttar i stillinga 1. mars 2022.

-Det har vore ei stor glede å få leia ViteMeir frå prosjekt til realisering. Eg er utruleg stolt over det me har fått til i det året eg har vore dagleg leiar. Laget på ViteMeir er ein herleg samansetning og arbeidsmoralen er unik. Den neste daglege leiaren overtek eit vitensenter i rivande utvikling som er godt rusta for framtida.

-Erlend har vore ei viktig brikke for at ViteMeir kunne opne dørane 11. november, og me har eit særs godt fundament for ein ny leiar å ta dette vidare. Ein av dei mest spennande jobbane i Sogn, eit samfunnsprosjekt, er no ledig, avsluttar styreleiar Tor Arne Ness.

Styret vil starte arbeidet så snart som mogleg med å finne ein ny dagleg leiar til ViteMeir.

aktueltGuest User