Inspirerande samling i Gloppen

 

13 næringsutviklarar frå 5 kommunar var tysdag og onsdag samla i Gloppen.

Tysdag var satt av til Vestland Fylkeskommune; heilskapeleg støtte til entreprenørar og handlingsplan for Vestland. Etter ein dag med gode faglege innlegg gjekk turen vidare til Bano- gruppen, eit svært innovativt og spennande konsern, som har satt seg mål om doble omsetninga innan 3 år.

Konserndirektør Frode Lindvik fortel om konsernet, Bano Gruppen.

Vidare gjekk ferda til Kandal - ei bygd med langt fleire geiter enn innbygjarar, men som likevel har skapt ei unik kremmarånd. Kandal Kjøtt, Kandal design og Copakandala er nokre av verksemdene som presenterte seg under ein fantastisk middag, servert på magiske Sølvane Gard.

Onsdag var fokuset på rekruttering. Ei utfordring dei fleste distriktskommunar kjenner på og arbeida med. Vi hadde med oss Linda Hovland frå Framtidsfylke, Anders Lødemel frå Nordjordakademiet og Øystein Nes frå Inviro, som delte av sine erfaringar og fortalde blant anna om planane for desentralisert utdanning. Vi har mykje å lære av kvarandre og dette er eit tema som vi tek med oss inn i vår digitale næringsprat.

Siste punkt på agendaen var den kjende, lokale, seriegrûnderen, Jesper Melin. Han delte engasjert si historie og fortale med stor iver om dei nye planane for Sandane. Vi kjem til å følgje spent med på utviklinga i Gloppen framover.

Arrangørane, Sognefjord Næringshage, Kunnskapsparken Vestland, Inviro og Stryn Næringshage vil særleg sende ei takk til Knut Roger Nesdal for å ha teke i mot oss og synt oss litt av alt det spennande som skjer i Gloppen!

 
aktueltLine Bjelde