Vekstprogram 2021

I samarbeid med Kunnskapsparken Vestland tilbyr vi bedrifter i Vik og Sogndal Vekstprogram 2021 til ein særs god pris.

Meir informasjon og påmelding til vekstprogram 2021 finn du her.

Me har hatt stor nytte av vekstprogrammet, me jobbar mykje meir målretta med strategi no enn før. Me har ein raud tråd som me brukar når me kjem i situasjonar der me må ta strategiske val.

Dag Loftesnes, dagleg leiar i Nordbohus

Dette er eit program der du vil få “hjelp til sjølvhjelp” for å utvikle ein strategi og plan for å nå selskapet sine målsettingar. Dersom ditt selskap må eller ynskjer å omstille seg, eller selskapet har nye ambisjonar, så er dette programmet relevant.

Gjennom 4 halvdagsmodular og 1:1 oppfølging hjelper vi bedrifter med å ta val, og gripe dei moglegheitene som finns. Vi vil også sjå på korleis ein kan implementere ein god plan og korleis vi kan betre våre salsresultat.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Målgruppe: Dagleg leiar, leiing, styremedlem og forretningsutviklarar.

Tal selskap: Det vil bli lagt opp til at 9-10 selskap er med.

Tal deltakarar frå kvart selskap: Det må være minst to frå kvart selskap som er med (ta gjerne med styremedlemmer).

Malar og verktøy: Til kvar modul vil det bli utdelt malar og verktøy som du sjølv kan nytte med tilsette, leiing, styre og eigarar. Verktøya skapar underlag for å ta kvalifiserte avgjersler.

Kostnad: Kr 9.500 eigenandel pr selskap. Sogn Næring dekker 50% av eigendelen for bedrifter i Vik og Sogndal kommune slik at pris vert 4.750,- kr.

Meir informasjon og påmelding til vekstprogram 2021 finn du her.