-Er budd på det meste

Syskjenparet Anne Randi og Magnar Farnes er, saman med Anne Randi si dotter Vida Maria, vertskap på Dragsvik Fjordhotell. No er dei klare for ein sesong der det meste kan skje….

Reiselivsbedriftene fekk ikkje påsken dei ønskte seg. No nyttar dei tida til å gjere seg klare for sommarsesongen, og vi har teke ein prat med Anne Randi.

Eitt år med korona, korleis har det vore for dykk?

-Det har vore eit stille år, sjølsagt eit tøfft år bedriftsmessig, men midt oppe i alt eit år som har ført til at me har måtta tenkje annleis og skape nytt.

Korleis har de arbeida med omstilling? Kva for prosjekt har de jobba med? Kva for omstillingsmidlar har de fått dra nytte av?

Det vart slik at ein her måtte me lære oss å tenkje på moglegheitene i staden for problema. Etterkvart såg me at det kunne gjerast noko positivt med bedrifta som vi kanskje kunne hauste godt av seinare.

Me har jobba med produkt og konseptutvikling, finpuss ute og i interiøret, og no er me i gang med eit matkonsept. Me har fått midlar frå Sogn Næring, Innovasjon Norge og Kulturminnefondet.

Kva for lærdommar tek de med dykk vidare?

Veldig mange lærdommar. Først av alt så ufatteleg korleis ein pandemi kan setje samfunn og enkelte bransjar ute av spel, på kort tid og med langsiktige konsekvensar. Det har vore positivt å få midlar til å sjå lyspunkt i kvardagen og arbeide med utvikling, men det har vore spesielt å vere sesongbedrift i eit reiseliv som kjempar for vilkår og for å overleve. Helsa kjem først, og no ser me fram til kontroll på pandemi og normalisering.

Kva forventingar har de til den komande sesongen?

Her er det berre å vente å sjå kva som skjer. Det beste å vere førebudd på det meste – det har me og lært oss.

Vi ønskjer vertsskapet på Dragsvik Fjordhotell lukke til med dei vidare førebuingane. Reiselivsaktiviteten er viktig for Sogn og vi heiar på dykk!

aktueltGuest User