Norskopplæring for framandspråklege i Vik (Norsk A2)

I samarbeid med Vik Kommune, tilbyr Folkeuniversitetet nettbasert kurs i norsk for framandspråklege tilsette i verksemder i Vik hausten 2021. Norsk A2 er på 48 timar og oppstart blir måndag 30 august. Du finn oversikt over datoane og anna nyttig informasjon i kursplanen.

Her er link til påmelding.

Dette er vidareføring av A1 kursa. Prisen er kr. 5200,-.  I tillegg til undervisningsavgifta kjem det lærebok kr. 950,-, for nye studentar som ikkje har teke norsk A1 frå før. Denne boka dekker heile  norsk A1 og norsk A2 nivået. Vik Kommune ønskjer å setje fokus på å få fleire til å lære norsk og dekker difor halvparten av undervisningsavgifta, dvs kr. 2600,- pr modul. Kravet for å få denne stønaden, er at ein bur i Vik eller er tilsett i ein bedrift som ligg i Vik Kommune.  

Det blir lagt opp til kveldsundervisning via Zoom ca 4 timar to gonger pr veke. Fleire verksemder lokalt har allereie vist interesse, så vi håpar og trur at vi skal få dette til. Det må vere opp mot 10 påmeldt, for at vi skal kunne starte kurset.