Oppstartsmøte Strategisk næringsplan Vik kommune

Onsdag 19. mai klokka 18.00 - 19.00 på Blix hotel.

Strategisk næringsplan er Vik kommune sitt viktigaste styringsverktøy for å legge til rette for vekst og utvikling i næringslivet i Vik. Eksisterande strategiske næringsplan vart vart vedteken i 2014, og gjeld for perioden 2013-2024. Den kortsiktige delen (handlingsplan) var gjeldande for perioden 2013-2016. I samband med at ein innleia eit samarbeid om det operative næringsutviklingsarbeidet med Sogndal kommune og Sogn Næring, vart det utarbeida ein ny handlingsplan for 2021.

Vik kommune ynskjer saman med Sogn Næring å utarbeide ny strategisk næringsplan, der målet er å skape ei forpliktande ramme rundt næringsutviklingsarbeidet for kommunen, næringslivet og andre viktige interessentar. Utviklinga i næringslivet går i eit stadig raskare tempo, og det er difor viktig å ha ein plan som fangar opp og set retning for dei føringane og rammetilhøva som gjeld. Planen vil difor bli utarbeidd innanfor rammene av ein temaplan, med mål og strategiar i eit fireårsperspektiv.

I arbeidet med planen vil det bli lagt vekt på god involvering på politisk og administrativt nivå i både kommune og region, og brei involvering av næringslivet i både Vik og nabokommunane.

Det vert med dette invitert til oppstartsmøte for arbeidet med planen onsdag 19. mai klokka 18.00 - 19.00 på Blix hotel. Tenesteleiar Joakim Systaddal frå Sogndal kommune vil fasilitere prosessen, og for møtet har vi denne agendaen:

  1. Velkommen v/ ordførar Roy Egil Stadheim

  2. Om strategisk næringsplan v/tenesteleiar Joakim Systaddal, Sogndal kommune

    1. Tidlegare planar

    2. Rammer for den nye planen

    3. Prosess

    4. Involvering

    5. Forankring

    6. Vedtak

  3. Innspelsrunde

Velkommen!