Strategisamling med Idrettssenteret

Å sette kursen for framtida, vurdere kva som er rett å prioritere og dermed kva som må nedprioriterast er eit viktig, men ofte tidkrevjande arbeid. I går samlast delar av gjengen på idrettssenteret på Årøy Gard for å å gjere nettopp den øvinga. Ein engasjert gjeng med store ambisjonar for selskapet la fram sine tankar og innspel til dagleg leiar og styreleiar.

Som målbedrift i Sognefjorden næringshage valde idrettssenteret å engasjere Line, ein av våre forretningsutviklarar, som prosessleiar for samlinga. Etter 2,5 timar med gruppearbeid, stort engasjement og gode diskusjonar var det brei konsensus i gruppa om kva som bør vere dei viktige strategiske satsingsområda dei komande tre åra. Men det er no arbeidet byrja, korleis gå fra ord til handling, sikre at heile organisasjonen tek eigarskap til strategien og dei valde satsingsområda. Dette vert tema for neste samling.

Vi gler oss til å fortsette arbeidet med idrettssenteret!


Har du spørsmål om strategiarbeid, bedriftsutvikling eller andre tema du ynskjer rettleing på, ta kontakt, kanskje kan vi hjelpe deg finne svara du leitar etter!

aktueltLine Bjelde