Balestrand adventure med ambisjonar

foto: Peter Førsund

Balestrand Adventure er målbedrift i Sognefjorden næringshage og gjennom dette samarbeidet er Sogn Næring engasjert som prosjektleiar i verksemda og bedriftsnettverket Balestrand Adventure. Selskapet er no i gang med år 3 med støtte frå Innovasjon Norge, for utvikling av reiselivsklynga.

Verksemda har store ambisjonar for framtida, men er framleis i startgropa der alle aktørane framleis stort sett bidreg inn i selskapet på dugnad. Styreleiar Lars Arne Målsnes fortel at det har vore avgjerande med ein ekstern ressurs som sikrar framdrift, held fast i prosessane og sørgar for leveranse i prosjektet.

Balestrand adventure er ein viktig del av Hub-satsinga til Visit Sogenfjord, og dei hadde eit svært godt første driftsår i 2019. Dei siste to åra har vore særskild utfordrande for reiselivet, men Balestrand adventure-gjengen har tru på at reiselivet vil ha ein stor betydning for utviklinga i regionen, og ynskjer å ta ein synleg rolle i denne utviklinga. No er fokuset retta mot produktutvikling, berekraftig reiseliv, merkevarebygging og marknadsføring.

Vi må legge ned arbeidet no, for å sikre mange besøkande til sommaren, fortel Lars Arne Målsnes.


Sogn Næring sitt engasjement i prosjektet har gitt nyttig lærdom til heile teamet og sikra enda tettare kontakt med ei viktig næring i region.

Vi er fleire i Sogn Næring med reislivserfaring, ta gjerne kontakt om du ynskjer ein prat med ein av oss!

aktueltLine Bjelde