Sogn Næring blir førstelinjeteneste for næringslivet i Vik kommune

Vik og Sogndal kommune har no inngått avtale om samarbeid om nærings- og samfunnsutviklingsarbeid i Vik kommune. Dette inneber at Sogn Næring, som ein del av Sogndal kommune si tenesteportefølje, vil utføre det operative næringsutviklingsarbeidet i Vik på oppdrag frå rådmannen i Vik kommune.

I Vik vil vi vere førstelinje for både dei som ynskjer å starte si eiga bedrift, og etablert næringsliv som ynskjer å utvikle verksemda si. Det er ynskeleg å jobbe målretta saman med bedrifter om å skape utvikling og nye arbeidsplassar. Ta kontakt med oss i Sogn Næring i dag om du har ein idé eller eit prosjekt du ynskjer å diskutere med oss. Vi kan bistå med hjelp til ideavklaring, rettleiing til finansieringskjelder, kompetanse knytt til forretningsutvikling med meir. Vidare vil vi vil legge til rette for kurs og temasamlingar, og ha eit særskilt fokus på reiselivsnæringa og potensialet for auka produksjon og bruk av fornybar energi.

Det vil bli utarbeida årlege handlingsplanar for arbeidet Sogn Næring skal utføre i Vik. På nettsida til Vik kommune kan du også lese meir om avtalen som er inngått mellom Sogndal og Vik kommune.