Sogn for alle!

Kommunane i Sogn satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar. I prosjektet ynskjer ein å gjennomføre ulike aktivitetar som kan styrke næringslivet si evne til å inkludere og integrere personar som kjem flyttande til regionen.

Det vert fleire aktivitetar i 2021. Det blir mellom anna lokale frukostmøter, mentorprogram for tilsette som tek i mot dei som kjem nye inn på arbeidsplassen, og etablerarkurs for minoritetsspråklege.

Noko for bedrifta di? Ta gjerne kontakt på post@sognnaring.noeller sjekk infosida Sogn for alle