Ørjan vil ta ei utdanning nesten ingen i Sogn har

– Det var vanskeleg å få tak i hovslagar til hestane våre, så då fann eg ut at dette får eg læra meg sjølv.

Det seier yrkessjåføren frå Balestrand. Ørjan Slinde og kona har fire hestar og 60 sauar på vinterfôr. Dei innsåg at det var vanskeleg å få tak i hovslagar til eigne hestar, og har difor eit ønskje om å ta utdaninga sjølv. Slinde har søkt støtte frå det kommunale næringsfondet og fått tildelt 29.500 kronar.

– Hovslagar er ingen billig utdanning, så eg vart glad når eg fekk støtte. Det kostar òg ein del å handle inn alt utstyr, fortel Slinde.

Omfattande utdanning

Utdanninga tek han i Brumunddal, i åtte modular over to år. Det vert avlagt eksamen på siste modulen, som dokumentasjon på kompetanse som hovslagar. For å kunne ta fagbrevet og avleggje sveineprøven, må han drive som hovslagar i minst 5 år. Utdanninga inneber både anatomi, kroppslære, pleie av hovsjukdommar, samt skoing og bruk av utstyr.

– Det er omfattande, men verker veldig spennande. Eg er ikkje i tvil om at det er mykje jobb i vente. Ein hest skal ha nye sko omlag kvar 6. veke og det er mange hestar i Sogn. I tillegg lærer vi å førebyggje plagar og behandle nokon typar skadar på hov og fot. Så vidt eg veit, er det berre to hovslagarar i området. Eg trur det er meir enn nok jobb for enda fleire hovslagarar, seier Slinde.

Ørjan Slinde frå Balestrand ønskjer å bli hovslagar.

aktueltGasta Design