Selg meg meir, og du gjer meg ei teneste…!

Påmelding nederst på sida.

I samarbeid med Sognefjorden Næringshage og Sellit AS inviterer vi til kurs for bedrifter innan reiseliv, handel, servering, tenesteyting og og anna næringsliv der ein har fokus på sal:

Onsdag 6. april:

  • Frettheim Hotell Flåm: Klokka 09:00

  • Vik : Klokka 16:00

    Du velger kursstad ved påmelding

Med enkle metodar og humoristisk vinkling, får du historiar og eksempel du garantert kjenner deg igjen i. Desse kan du lære av for å styrke salet, eigenmotivasjon eller rett og bli inspirert!

Kurset er basert på erfaringar Sellit har plukka opp dei siste 15 åra frå nokre av Skandinavias aller beste selgarar i reiseliv, handel og tenesteyting og korleis dei tenker sal og jobbar med å motivere seg sjølv og omgjevnadane.

Kurset høver for alle i organisasjonen som har kundekontakt.

Varighet:
3 timar. Leiarar blir invitert til eit tilleggskurs på 1 time: «Slik skaper du en lønnsom salgskultur..!» i fortsetjinga av kurset.

Kurshaldarar:
Terje Bjørkhaug og Øystein Vangsnes frå Sellit

Pris:
500,- kr

Mål med kurset:

Hovudmålet er å skape ein god og lønnsam salskultur.

Vi skal ikkje berre tilby det kundane ber om, vi skal og fokusere på å:

  • skape motivasjon for leiarar og tilsette

  • auke omsetnad per kunde

  • skape meirsal og kryss-sal

  • tydeleggjere dei tilsette si rolle som proaktive medarbeidarar

Påmelding:

aktuelt, arrangementGuest User