Lunsj med påfyll: Sogndal kulturhus – ein motor i kulturlivet i Sogn

Lunsj med påfyll

Sjå opptak nederst på denne sida

Torsdag 3. februar klokka 11:30
Friberg Kino i Balestrand

Følg arrangementet direkte eller sjå opptak nederst på denne sida.

Stig Blindheim-Hansen er den nye daglege leiaren på Sogndal Kulturhus. Han har store visjonar for korleis utvikle både huset og korleis ein kan bidra for kulturlivet i resten av regionen.

Stig kjem til Friberg Kino for å fortelje litt om Kulturhuset, planar framover og litt om korleis Kulturhuset kan bidra til kulturlivet i Balestrand.

----------------------------

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

aktueltGuest User