Jobb i byen, bu på bygda!

 

Etter eit år med pandemi har vi radikalt endra på måten vi jobba på. Det er ikkje lengre naudsynt å sitte på same kontor som dei du jobbar saman med. Ein digital kvardag kombinert med eit ynskje om å kome tettare på natur, friluftsliv og meir tid med familie og vener, krev tilrettelegging for ein meir hybrid arbeidskvardag.

Vi trur tida er inne for å legge til rette for at fleire kan ta med seg jobben og flytte til Sogn!

I samarbeid med remote norge har vi utvikla Remote Sogn. Ein plattform som skal synleggjere og legge til rette for at fleire kan jobbe remote, frå Sogn.

Er du nysgjerrig på fjernarbeid og workation, har du lyst å høyre meir om remote Sogn? Eller kjenner du nokon som drøymer om å flytte til Sogn? Då bør du melde deg på remote next - ei workation veke på Nes Gard i Luster.

Remote Sogn vert lansert 14. oktober, som ein del av programmet på remote next - vi gler oss!

 
aktueltLine Bjelde