Korleis jobbar bedrifter i Sogn og Fjordane med berekraft?

Har di bedrift ein klimastrategi? Veit du korleis EU-taksonomien vil påverke di bedrift? Og kva utfordringar og moglegheiter kan endringar i klima, klimapolitikk og overgang til lågutsleppssamfunn føre til for bedriftene i vår region?

Sogn og Fjordane Næringsråd og PwC har spurt bedrifter i regionen om deira forhold til, og arbeid med, berekraft. Bli med på lunsjwebinar og få presentert resultata fra nye regionale og nasjonale undersøkingar. Vi får òg høyre korleis bedrifta Innvik AS arbeida med sine berekraftsmål.