FUS Kaupanger er opna!

18. november markerte vi at det 3. arbeidsfellesskapet i Sogndal kommune er opna. FUS Kaupanger står no klart!

Det var ordførar Arnstein Menes som fekk oppdraget med å klyppe snora, medan Tor Arne Ness og Erlend Fardal Lunde frå Kaupanger Næringsforeining og Vitemeir assisterte. Før det hadde Avdelingsdirektør strategisk utvikling og digitalisering i Vestland Fylkeskommune, Paal Fosdal, kome med lukkeønske frå huseigar.

Torgeir Strypet frå Digitaliseringsdirektoratet, Heidi Helle frå Rørsla og Mette Bakketun helste frå leigetakarane, og Torgeir Skålid fortalde om Sogndal kommune og Sogn Næring sine ambisjonar med distribuerte arbeidsfellesskap i heile Sogn.

-Vi gler oss til å vere til stades og kunne tilby tenestene våre i topp moderne fasilitetar i eit inspirerande bygg, seier dagleg leiar Torgeir Skålid i Sogn Næring. -Det er vanskeleg å planleggje kva som vil skje av utvikling i dette bygget, det vi veit er at det garantert vil skje noko.

aktueltGuest User