Elevar møtte næringslivet

Even Eide, forretningsutviklar, Sogn Næring

Måndag 22/11 klokka 09:00 inviterte Vik Næringssamskipnad Sogn Næring, Vik kommune og 10. klassingane på Flatbygdi skule, med elevane ved Feios skule som tilhøyrarar via Teams, til ei flott samling

Åslaug Stadheim Ese var med frå Næringssamskipnaden og fortalte om næringslivet i Vik, kva jobbmoglegheiter som eksistera i nærområdet og korleis ein nyttar seg av moglegheitene kring arbeidslivet i Vik.

Deretter presenterte Even Eide frå Sogn Næring om korleis vi bidreg i å hjelpe bedrifter i utviklingsarbeidet og korleis Sogn Næring bidreg til å hjelpe deisom vil starte noko for seg sjølv.

Til slutt fortalde Kristin Jordalen frå Vik kommune om behovet for helsefagarbeidarar, korleis kvardagen til ein helsefagarbeidar er og moglegheitene innan fagområdet.

Deretter konkurrerte elevane i Kahoot der premien var tre «goodiebags» frå NITO. Tema var relevante spørsmål frå skule- og arbeidsliv. Tysdagen og onsdagen pakka elevane med seg lunsj til eit fullspekka program med bedriftsbesøk rundt om i kommunen.

Vik Næringssamskipnad sitt mål er å gje elevane eit betre beslutningsgrunnlag og meir innsikt i når dei no skal søkje seg til vidaregåande utdanning

-Dette er eit flott tiltak som «Denne ordninga er fin både for bedriftene her i Vik og for elevane. Næringslivet i Vik treng mange dyktige tilsette i framtida og dette er ein flott moglegheit til å marknadsføre seg sjølv, konkludera Even frå Sogn Næring om ordninga.

Vi ynskjer elevane masse lukke til med viktige val!

aktueltGuest User