Fjellpitch vart ein suksess!

 

7 pitchere, 5 i juryen, 4 føredragshaldarar, og vel 80 gjester i salen! Dagen vart akkurat slik vi hadde håpa på og litt til.

Jan Grønbech, tidlegare google norge sjef, gav oss ei reise gjennom teknologiutviklinga og peika på dei store utfordringane og moglegheitene som står føre oss. Vi vart betre kjend med seiregrûnder Rolf Risnes som openhjertig delte av sine erfaringar. Grethe Hjetland, CEO i Highsoft fortalde om sine største tabbar etter ho tok over rattet på den verdskjende Vikjabedrifta. Og vi fekk høyre korleis Roald Eidsheim, dagleg leiar i Rekkje Stiutvikling, gjekk frå å vere ein mann og ei skjorte, til i dag ha over 20 stykk på lønningslista. Dei fire føredragshaldarane peika alle på kva som er mogleg om ein tør å satse fullt ut på det ein trur på - ein perfekt introduksjon til pitchekonkurransen, kor 7 ivrige grûnderar presenterte ideane sine, med velvalde ord og stort engasjement.


Juryen fekk ein tøff jobb med å vurdere dei 7 deltakarane. Men til slutt kunne Orførar Arnstein Menes kåre vinnaren av årets konkurranse - Heidi Aabrekk med selskapet intempo. Ein samla jury lot seg imponere over visjonen om å utvikle ekte sondemat, spørsmålet om kvifor dei som ikkje kan eta sjølv skal få dårleg mat, traff både jury og deltakarar i salen.

Vi ser fram til å følgje Heidi i reisa hennar mot lansering av ny næringstett sondemat.

Heidi Aabrekk, vinnaren av årets Fjellpitch

Tusen takk til alle som stilte opp, som sponsa og som brukte dagan saman med oss!

Vi gler oss allereie til neste arrangament - ta gjerne kontakt om du har ein idé du har lyst å pitche til oss!

 
arrangement, aktueltLine Bjelde