Anja Fardal er vår nye strategiske rådgjevar

-Det var ikkje mogeleg å ikkje søke jobben. Sogn har eit veldig spennande næringsliv med mange inspirerande leiarar og dyktige tilsette. Eg brenn etter å gje mitt bidrag til utvikling i regionen, seier Anja Fardal som er vår nye strategiske rådgjevar.

Anja er oppvaksen i Sogndal og tok reiselivsutdanning på Lillehammer. Ho har erfaring frå reiselivet som marknadskoordinator i Reisemål Sogndal og Luster, salssjef på Quality Hotyel Sogndal og marknadssjef i Visit Sognefjord. Dei siste 6 åra har ho jobba som strategikoordinator i Sognekraft.

-Anja kjenner to av dei aller viktigaste næringane i Sogn frå innsida. Utvikling av næring knytt til reiseliv og å utnytte kraftproduksjonen lokalt vil vere viktige satsingar for oss framover, seier dagleg leiar Torgeir Skålid. -I tillegg har Anja eit stort engasjement for utviklingsarbeid og eit stort nettverk, så vi gler oss til Anja er på plass.

-Eg er veldig glad for å få denne sjansen, og ser på det som ei stor utfordring å få jobba med utvikling av ulike næringar i regi av Sogn Næring. Samstundes er det tøft å seia farvel til gode kollegar og mange spennande oppgåver i Sognekraft, seier Anja Fardal.

Anja er for tida i mammapermisjon og vil starte opp i jobben i løpet av vinteren.

aktueltGuest User