Desse skriv nynorsk på #nynorskdagen

12. mai feirar vi Nynorskdagen. Noregs Mållag set fokus på dei bedriftene som bruker nynorsk i kommunikasjonen sin. I samband med dette vil vi i Sogn Næring løfte fram nokre lokale bedrifter frå området som bruker nynorsk i kommunikasjonen sin. Dette er både store og små bedrifter som har eit nasjonalt nedslagsfelt.

 

Sparebanken Sogn & Fjordane

Sparebanken Sogn & Fjordane har i alle år vore flinke å kommunisere på nynorsk. Tidlegare i vår melde dei at dei blir ein del av Sparebank 1-gruppa, noko ein kunne tru vil føre til at dei kanskje måtte endre til bokmål. På Frukostmøte på Kaupanger den 12. mai kunne kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes melde at eit av krava dei sat til Sparebank 1-gruppa var at dei fekk halde fram med nynorsk som målform, og ho løfta fram at dette er med på å skilje dei ut og skape konkurransefortrinn.

Lerum

Vår kjære saft- og syltetøyprodusent Lerum har bygd merkevara si kring Saftbygda Sogndal, og då er det på sin plass at kommunikasjonen skjer på nynorsk! Dette har gitt resultat, og i 2022 vart Lerum kåra til «Årets Merkevare» av DLF, mellom anna på grunn av deira norske verdiar.

 

Fotefar temareiser

Fotefar er lokalisert på Leikanger og har spesialisert seg på temareiser der historie- og kulturopplevingar står sentralt. Med kunnskapsrike reiseleiarar arrangerer dei turar både nasjonalt og internasjonalt. Fotefar har kundar frå heile landet, og austlandsregionen står sterkt.

 

Balestrand Badeklubb festival

I 2022 vart den første Badeklubb-festivalen arrangert, og i år er gjengen klar for ein ny festival! Til Balestrand kjem verdskjende artistar, og ikkje minst gjestar frå heile landet! Det er tøft at dei vel å kommunisere på nynorsk til ei så ung målgruppe!

Bærekraftig Moro UB

Vi har tidlegare løfta fram denne gjengen som kjem frå Sogndal Vidaregåande skule. Deira mål er å lære born og unge om FNs berekraftsmål på ein enkel og kjekk måte, og gjennom eit kortspel lukkast med dette. Tidlegare i vinter stakk Bærekraftig Moro av med prisen som Beste Ungdomsbedrift i Fylkesmeisterskapen i Førde.

Kort Levert

Inst i Sognefjorden finn ein nettbutikken Kort Levert som produserer berekraftige trykksaker som konfirmasjonskort, bryllaupsinvitasjonar og fotoplakatar. Ikkje berre er nettbutikken bygd om på nynorsk, men dei sel også ei rekkje produkt som tskjorter, genserar og halskjede med ord på nynorsk! Kudos!

Dette var berre nokre av dei mange bedriftene i lokalmiljøet vårt som nyttar nynorsk som målform. Kjenner du andre bedrifter som er flinke på å skrive på nynorsk? Gi oss ein lyd!