Kva kan vi lære av gullvinnaren i CiderWorld 2023?

Gode kollegaer, støtte frå Innovasjon Norge og ein gjeng med driv på garden er nøkkelfaktorar odelsguten på Haug gard trekk fram.

Odelsgut er merkevara som spring ut frå Haug Gard. Der driv Cecilia Martti og Alexander Haug med epler, sider- og eplemostproduksjon, sidersmakingar og besøksgard.

Ciderworld i Tyskland er litt som VM for siderprodusentar. Dit sender produsentar frå heile verda flasker av sine produkt, som blir vurdert på smak, utsjånad, lukt, kompleksitet og heilskap av eit profesjonelt dommarpanel.

Dit sendte Alexander Haug og Cecilia Marrti to flasker med dei første typane sider dei har satt i stort kvantum i sin nye karriere som eplebønder på Fimreite.

– Vi tykkjer jo sjølv sideren vår er god. Men vi er jo ferske, og vi veit jo ikkje om ein profesjonell vil meine det same som oss, seier Alexander.

Dei profesjonelle meinte det same. I retur frå Tyskland fekk produsentane ein gullmedalje og ein sølvmedalje - i si første deltaking i CiderWorld.

Vi er jo motiverte frå før, men å få ein slik annerkjennelse gir oss ein boost!

Saman med dei tre gutane sine flytta Cecilia og Alexander frå Bergen til Fimreite under pandemien, og i 2022 vart dei offisielt drivarar av Haug gard. Sidan då har det gått fort. Utvikling av nye siderar, planlegging av reiselivsprodukt, nettside og merkevare - alt som følgjer med når ein satsar.

Eit par nøkkelfaktorar har vore viktige for Alexander og Cecilia i oppstarten av Odelsgut:

  • Sogn frukt- og siderlaug

Lauget er ei samling siderprodusentar som jobbar for fremje allsidig produksjon av kvalitetsdrikkevarer frå Sogn. Per no er det 17 aktive produsentar, og ti som har løyve til å tivirke sider for sal.

– Siderlauget har alt å seie. At folk hjelper kvarandre, og betyr både kunnskap og utstyr. Vi motiverer kvarandre, smakar på kvarandre sine siderar og lånar utstyr av kvarandre. Dette samarbeidet er så viktig for at satsinga blir bra, og at det er kjekt å halde på.

Sogn frukt- og siderlaug finn du på facebook.

  • Støtte frå Innovasjon Norge

Haug gard fekk støtte frå Innovasjon Norge for å komme i gang med si sidersating, både med etablererstøtte og støtte til å gjennomføre generasjonsskiftet på garden. Alexander skryt av hjelpa dei fekk frå rådgivarane som sit på Innovasjonsbygget i Sogndal.

– Vi hadde ikkje kunne gjort dette uten støtte frå Innovasjon Norge. Dei var utrulig hjelpsame og dyktige.

Innovasjon Norge har støtteordningar som går spesielt på utvikling innan landbruk, mellom anna etablererstøtta og støtte til generasjonsskifte som Alexander og Cecilia nytta seg av.

  • Samarbeid med andre lokale verksemder

3. juni smell sesongen i gang for turistbesøk på garden. Då går første avgang på det ferske samarbeidet med Fjord X, der gjestene kan kombinere båttur med sidersmaking og sykkeltur tilbake til Sogndal.

– Vi kjem til å ha sidersmaking kvar laurdag. Eg trur kombinasjonen med båttur og sykkel blir så bra. I tillegg skal vi ha gratis open gard for familiar gjennom sommaren. Vi får kopplam og minigrisar som folk kan få helse på, så det håpar vi blir eit godt tilbod for familiar som vil finne på noko i nærområdet, seier Alexander.

Dette er Odelsgut sitt råd til deg som startar opp:

– Vi kjente ikkje til Sogn Næring når vi starta, men hadde vi gjort det ville vi tatt kontakt for å få råd om kva trinn vi skulle gå. Kva vi burde gjere først og vidare etter det. Det som verkeleg hjalp oss var Siderlauget. Ikkje ver redd for å spørre andre om råd, ring andre som har suksess, og ikkje ver redd for å spørre om hjelp. Dei som gjer det bra, har andre bra folk i ryggen.

Kva kan Sogn Næring gjere for deg som har ein idè?

Har du har med videreforedling av råvarer frå Sogn å gjere, eller utvikling av reiselivsprodukt? Send ein e-post til sigrid@sognnaring.no, så kan eg hjelpe deg i gang. Det kan vere med å konkretisere idèen din gjennom ein forretningsplan, kva du må gjere først når du startar eit AS, merkevarebygging og sende deg i retning av dei riktige støtteordningane.

Sigrid Skjerdal