Fullt hus då haustens Lunsj med påfyll starta

Hausten står for tur, og dermed også våre faste møteplassar. Ein av dei mest etablerte er Lunsj med påfyll, som i over mange år har vore ein arena der næringsliv, studentar og innbyggarar møtest over matpakken for å få fagleg og sosialt påfyll. Denne veka kickstarta vi hausten med to arrangement etter kvarandre. Ikkje heilt planlagt, men slik blir det når kabalen av datoar og gjestar skal gå opp.

Gjennom desse åra har vi sett to tema trekkjer fullt hus. Det er politikk i Sogndal, og når det er tema innan snø og skikøyring. Og når vi seier fullt hus, meiner vi det bokstaveleg. Då er lunsjrommet så stappa at folk står langs veggane med kaffikoppen i handa. Det er berre nokre få gonger dette har skjedd, mellom anna ved kommunevalet i 2023 då Arve Uglum stilte for å forklare Sogndalspolitikken, då Andreas Haslestad snakka om boka Toppturar i Sogn, og no igjen denne veka då Arve kom for å gi innblikk i dagens Sogndalpolitikk. Men, snø og skikøyring toppar framleis lista. Ingen annan gong har det vore så fullt som då Andreas Haslestad kom for å snakke om snø.

Sogndalpolitikken i fokus

Tysdag hadde vi besøk av redaktør i Sogn Avis, Arve Uglum, som tok oss gjennom kva som eigentleg skjer i Sogndal-politikken akkurat no, frå hans perspektiv i redaktør-stolen. Vi er glade for at Arve, saman med Line, gav oss ei ryddig og grundig innføring i kva utfordringar og moglegheiter som ligg framfor oss. Det var både engasjerte spørsmål og gode samtalar i rommet, og vi trur fleire gjekk ut med betre innsikt og tru på at Sogndal kjem styrka gjennom prosessen.

Rein Sognefjord – eit fellesskapsløft

Dagen etter var temaet eit heilt anna, men like viktig. Framtidshavet og Sogn Friluftsråd presenterte prosjektet Rein Sognefjord, som handlar om å skape ein reinare fjord og eit reinare samfunn. 4. september går sjølve aksjonsdagen av stabelen, der innbyggarar, næringsliv og frivillige blir oppmoda til å bruke ein dag på å rydde søppel langs fjorden. Eit enkelt, men kraftfullt tiltak som handlar om å ta vare på plassen vi bur på, både for oss sjølve og for generasjonane som kjem etter.

Ein møteplass som gir meirsmak

At vi denne veka samla så mange på to ulike arrangement viser at Lunsj med påfyll har ein viktig funksjon. Det er eit lågterskeltilbod, men gjer likevel mykje rom for uformelle samtalar, deling av kunnskap og nye møte mellom menneske.

Vi vil takke alle som kom, både denne veka og dei som har vore med tidlegare. Hausten byr på fleire Lunsj med påfyll, og vi ser fram til mange gode møte. Har du eller di bedrift eit prosjekt, ein idé eller eit tema de vil dele? Ta gjerne kontakt, vi set opp programmet saman med dykk.

Forrige
Forrige

Samarbeid og framtidsvyer set Vik på kartet

Neste
Neste

Lær meir om toll og handel. Kurs i Nordfjordeid 2. oktober