Ting skjer i Vik

Torsdag morgon vart årets siste frukostmøte i Vik gjennomført på Blix Hotel. Deltakarane starta dagen med hotellfrukost og fagleg påfyll. Programmet inneheldt informasjon om verkemiddelapparatet for næringslivet, presentasjon av satsinga Villa Fresvik og orientering om Sognaklynga og kommande arrangement som Sognafest.

Det var godt oppmøte frå både næringsliv og kommune. Engasjementet var tydeleg, samtalane gjekk lett og mange nytta høvet til å knyte kontaktar og diskutere nye moglegheiter for utvikling i Vik. Etter frokostmøtet tok vi turen bort til Vikjatunet for å sjå korleis arbeidet med totalrenoveringa av Sogn Sparebank sine lokale går. Prosjektleiar Vegard Hofslundsengen frå entreprenørfirmaet AH tok oss med på ei omvising i bygget. Det var aktivitet i kvart rom, arbeidarar med sag og verktøy jobba målretta, og framdrifta var tydeleg god..

Banklokala i Vik har vore i bruk sidan Vikjatunet stod ferdig i 1989. Etter mange år med slitasje og løysingar som ikkje lenger var optimale, har banken starta ei omfattande oppgradering. Målet er å skape eit moderne og funksjonelt lokale som gir betre arbeidsvilkår for tilsette og ei betre oppleving for kundane.

Renoveringa omfattar både innvendige og utvendige arbeid. Elektrisk anlegg og ventilasjon blir totalt skifta ut, då det ikkje har vore gjort vidare teknisk oppgradering sidan bygget vart reist. Kvelvet og arkivet i kjellaren, som er støypt i betong, blir ikkje endra. Samstundes får bygget ny kledning, nye vindauge og ekstra isolasjon for å sikre betre energieffektivitet.

I den nye løysinga blir bankarealet halvert. Resten av arealet blir tilrettelagt for to nye utleigeeiningar, der den eine allereie er sett av til ny leigetakar, medan den andre framleis er ledig. Slik frigjer banken plass og skapar rom for meir næringsverksemd i Vikjatunet.

Dette prosjektet representerer ei større investering, og renoveringa markerer ei tydeleg satsing på vidare aktivitet og tilstedeværelse i Vik

Forrige
Forrige

Økonomidagen Sogn 2025

Neste
Neste

Næringsfondet i Vik, frist 1. november