Sognefjorden Næringshage

Vi samarbeider tett med Sognefjorden Næringshage om å levere eit godt og lokalt næringshagetilbod i heile Sogn.

Sognefjorden Næringshage er ein del av SIVAS landsdekkjande Næringshageprogram.  Næringshageprogrammet gir små og mellomstore bedrifter i distrikta tilgang til nettverk, kompetanse og tilskot for å fremje vekst og innovasjon.

Hovudmålsetjinga til næringshageprogrammet er å bidra til auka verdiskaping basert på regionale fortrinn, gjennom å leggje til rette for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter.

Som målbedrift hos Sognefjorden Næringshage får du tilgang til eit breitt nettverk, skreddarsydd rådgjeving og støtte til berekraftig vekst og innovasjon. Ta kontakt i dag for å lære meir om korleis vi kan bidra til utviklinga di!

Programmet har følgjande mål:

  • Auka verdiskaping

  • Fleire berekraftige bedrifter

  • Nye marknadsmoglegheiter

  • Auka digitalisering og industriutvikling

  • Tilgang til relevante nettverk

  • Relevant og effektivt verkemiddel for bedriftene i Distrikts-Noreg

  • Økt samhandling mellom relevante verkemiddel

 

FAQ - Ofte stilte spørsmål

 
 

Med ein visjon om å «Utvikle berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta» bidreg SIVA med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 39 næringshagar over heile landet. Sogn Næring As bidrar med kompetanse inn i Næringshageprogrammet saman med Sognefjorden Næringshage As.

 
 

Vil du bli kontakta med meir informasjon om Næringshageprogrammet, og sjå på korleis vi kan hjelpe deg og bedrifta di? Legg igjen e-posten din her, så tek vi kontakt med deg!