While1Create er eit nettverk for personar med interesse for IT, koding, teknologisk innovasjon og entreprenørskap. Det er ein sosial og fagleg møteplass som bidreg til utvikling og samarbeid i regionen Sogn. Med to årlege samlingar hjå ulike verksemder tilbyr nettverket faglege føredrag og sosial mingling. Det er opent for alle som ønskjer å bli ein del av det teknologiske miljøet i Sogn. 

Kva er While1Create?

Prosjektet starta med engasjement frå både private og offentlege verksemder som ønska å skape eit nettverk i ein stadig veksande marknad innan IT, koding, teknologisk innovasjon og teknologisk entreprenørskap. For dei av oss som ikkje er rutinerte i kodespråket, er While 1 altså ein kode som blir brukt i programmeringsspråk som Java og Pyton. Ved å leggje til Create har dette blitt eit morsomt uttrykk innan kodemiljøet som kan omsetjast til "medan ein utviklar". While1Create vart namnet på det nye nettverket som er etablert her i Sogn, og reisa er berre såvidt begynt.

Nettverket er ein sosial og fagleg møteplass som skal bidra til å utvikle miljøet i ein positiv retning. Forsking viser at samarbeid og god kommunikasjon i arbeidslivet er nøkkelen til suksess, og difor er dette ei gylden moglegheit for tilsette og heile verksemder til å skape god kommunikasjon. I Sogn skal folk trivast, både på fritida og på jobb. Med denne typen nettverk får du ein sosial møteplass der du treff likesinna og får moglegheit til å få eit unikt innsyn i mange av dei flinke og nyskapande verksemdene vi har her i Sogn. 

Nettverket har per no to årlege samlingar, men er stadig under utvikling. Dei to samlingane finn stad hjå ulike verksemder frå gong til gong. Til no har Rocketfarm og HVL stilt som vertskap og Sogn Næring har stilt med mat og drikke. Tema for samlingane varierer frå gong til gong, men som regel er det ei fast oppbygging med litt ulike føredrag i ein times tid før det blir mingling og pizza. 

Pådrivarane

Eit nettverk er ingenting utan sine pådrivarar og engasjement frå medlemmene. Sogn Næring har vore heldig å få vere med å utvikle nettverket i lag med mange dyktige verksemder og menneske. Blant bidragsytarane finn vi Rocketfarm, Vestlandsforsking, Highsoft og Digdir. I samarbeid med desse innovative verksemdene håpar vi at fleire ønsker å bli ein del av While1Create. 

 
 

Kven er det meint for?

While1Create er meint for deg som har ein rolle innan IT, koding, teknologisk innovasjon, teknologisk entreprenørskap eller berre generell interesse for det teknologiske arbeidsmiljøet. Samlingane er gratis og frivillige, og vi avsluttar som regel med pizza og brus. 

Meld deg inn!

Har du lyst til å bli med i While1Create? Meld deg på lista her, så får du detaljar om neste samling!