Velkommen til HR-Nettverket i Sogn - Ein arena for samarbeid og utvikling

Nettverket er eit samarbeid mellom offentlig og private verksemder, og er eit av flere nettverk Sogn Næring er med å drifta. Dette nettverket er skapt med det overordna målet om å vere ein inkluderande, sosial og fagleg møteplass for alle som arbeider eller ønskjer å arbeide innan HR-feltet i regionen. Gjennom eit breitt spekter av initiativ ynskjer vi å bidra til å styrke samarbeid, auke kompetanse og legge til rette for kunnskapsdeling på tvers av bransjar.

Nettverkets mål

  • Bidra til å profilere arbeidsplassen.

  • Beire kommunikasjon mellom det offentlig og det private.

  • Synleggjere dei sterke kompetansemiljøa i regionen vår.

  • Korleis skal me rekruttere frå utlandet

Kven er det meint for?

Enten du er ein erfaren HR-leiar eller ein nykomling med interesse for faget, ynskjer vi å skape ein inkluderande arena der alle kan dra nytte av erfaringar og innsikt frå kvarandre. Er du ein person som kunne tenkje deg ein jobb innen HR, vell da er dette ein perfekt møteplass for å få innsikt i bransjen.

Kva får du som medlem?

Fire samlingar i året
Nettverket arrangerer fire samlingar i året. Desse samlingane tar for seg ulike tema og problemstillingar innanfor ulike bransjar. Samlingane består av faglege føredrag, mingling og enkel servering av mat. Dei varer som regel i 3 timar og byter stad frå gong til gong.

Relevant informasjon
Som medlem av nettverket meldar ein seg på ein mailliste. Kjem vi over noko nyttig og relevant informasjon, samarbeid eller rekrutering sende vi det ut til deg. Dette gir deg innsikt i lokale forhold og hjelper deg med å vere godt informert i din rolle innan HR.

Pris og målbedrift

Er bedriften din målbedrift i vårt næringshageprogram får du 25% rabatt på alle våre nettverk. Du kan lese mer om næringshagetprogrammet og melde inn din bedrift her

Målbedrift: 500,- eks moms for årsabonnement
Ikkje målbedrift: 700,- eks moms for årsabonnement

Meld deg inn her
Etter påmelding sender Sogn Næring ut faktura for eit års abonnement