Næringsfrø Sogndal
Har du ein idé heilt i startfasen?
Om du bur i Sogndal kommune, har du moglegheita til å søke på Sogndal Næringsfrø 2026. Ordninga skal gi deg eit lite økonomisk løft i ein tidleg fase, slik at du kan prøve ut ein idé, utvikle ein prototype eller teste om marknaden er der.
-
For deg som representere ein forretningsidé eller eit selskap som har vore etablert i mindre enn to år.
Ideane bør fokusera på å forbetra livet til folk i Sogndal, anten ved å skapa nye tenester eller møteplassar. -
Marknadsundersøking
Kartlegging av marknaden for idéen din, til dømes kven kundane er, kva behov dei har og om det finst betalingsvilje for løysinga.MVP (Minimum Viable Product)
Utvikling av ein enkel førsteversjon av produktet eller tenesta, som gjer det mogleg å teste idéen i praksis med ekte brukarar.Testing av konsept
Utprøving av idéen gjennom pilot, til dømes ein “pop- up”, for å sjå om løysinga fungerer slik du har tenkt.Mobilitet
Reiser eller opphald som er nødvendige for å utvikle eller teste idéen, til dømes møte med samarbeidspartnarar, kundar eller fagmiljø. -
Finansiell støtte på inntil 30.000 kr.
Hjelp til å finne lokalet å testa ideen.
Hjelp til å komme i kontakt med relevante aktørar, ekspertar og tidlegare gründerar.
-
1) Du fyller ut skjemaet
2) Vi tek kontakt med deg for å finne eit møtetidspunkt (fysisk eller digitalt)
3) Du presenterer konseptet ditt til oss, med utgangspunkt i punktane nedanfor
4) Du vil få svar på om du får støtte innan ei veke frå presentasjonen
-
Korleis problem løyser du?
Beskriving av konseptet
Korleis vil konseptet forbetre tilbodet til innbyggerne i Sogndal kommune?
Korleis vil du bruke pengestøtta?
Presentasjonen bør ikkje vara meir enn 15 minutt, og den er berre meint som ein start på diskusjonen vår.
Catarina Batista
catarina@sognnaring.no
Ida Brastad Ramsfjell
ida@sognnaring.no