Tilbakemeldinga frå våre samarbeidspartnarar og målbedrifter er at ein i auka grad søkjer nettverk med andre næringsaktørar innan same bransje for å utveksle erfaringar og utfordringar. Gjennom eit nettverk for småindustrien kan verksemder i bransjen auka moglegheita til å samarbeid for å oppnå felles mål og fordelar. Med andre ord kan dette vera ein kraftig ressurs for SMB-ar. Nettverket kan bidra til å styrke bransjen og auka innovasjon og berekraft.

 

Det er store fordelar å hente ved å inngå i eit nettverk retta mot eigen bransje

  • Ressursdeling: Verksemdene kan dele ressursar, som t.d. utstyr, fasilitetar og ekspertise, noko som kan føre til kostnadsbesparingar for alle involverte partar.

  • Kunnskapsdeling: Nettverket gir høve til å dele bransjespesifikk kunnskap, beste praksis og erfaringar, noko som kan bidra til å auka innovasjonen og forbetre kvaliteten på produkt og tenester

  • Marknadsføring og sal, særskilt i form av auka synlegheit

  • Innkjøpsfordelar

  • Auka sjanse for kvalifisering for støtte og finansiering

  • Auka moglegheiter for å inngå i forskingsnettverk/-prosjekt

Kva får du som medlem?

Fire samlingar i året
Nettverket arrangerer fire samlingar i året. Desse samlingane tar for seg ulike tema og problemstillingar innanfor ulike bransjar. Samlingane består av faglege føredrag, mingling og enkel servering av mat. Dei varer som regel i 3 timar og byter stad frå gong til gong.

Relevant informasjon
Som medlem av nettverket meldar ein seg på ein mailliste. Kjem vi over noko nyttig og relevant informasjon, samarbeid eller rekrutering sende vi det ut til deg. Dette gir deg innsikt i lokale forhold og hjelper deg med å vere godt informert i din rolle innan industri.

Pris og målbedrift

Er bedriften din målbedrift i vårt næringshageprogram får du 25% rabatt på alle våre nettverk. Du kan lese mer om næringshagetprogrammet og melde inn din bedrift her

Målbedrift: 500,- eks moms for årsabonnement
Ikkje målbedrift: 700,- eks moms for årsabonnement

Meld deg inn her
Etter påmelding sender Sogn Næring ut faktura for eit års abonnement