Gründerløftet Sogn

Få entreprenørskap til å skje i Sogn

-

Få entreprenørskap til å skje i Sogn -

Gründerløftet Sogn er eit pilotprogram som skal gjere det enklare, tryggare og meir attraktivt å starte og drive eiga verksemd i regionen vår. Dagens finansierings- og støtteordningar er ofte tilpassa store teknologiselskap og internasjonal skalering. Vi veit at i Sogn handler entreprenørskap like mykje om å skape levande lokalsamfunn, gode møteplassar og eit mangfaldig arbeidsmarknad. 

Vi brubyggjer gapet mellom små mikroverksemder og det etablerte hjelpeapparatet ved å tilby ei heilskapeleg støtteordning – med alt frå mentorar og lokaler til fleksibel tidlegfasefinansiering. 

Mentorordning: Bli kople saman med erfarne gründerar som kjenner utfordringane og kan gi deg råd på vegen. 

Arenaer for nettverk: Møt investorar, etablert næringsliv og andre gründerar gjennom uformelle og formelle treff på tvers av bransjar. 

Lågterskel arrangement: Delta på gründerkveldar, kurs og pitchekonkurransar tilpassa deg som er i startgropa. 

Delingskultur: Ein kultur der det er trygt å prøve, feile og lukkast saman. Vi lyfter fram dei gode historie og lærer av kvarandre. 

Finansiering

Påpp-øpp

Investornettverk: Vi etablerer eit regionalt investornettverk med fokus på mindre, lokale prosjekt. 

Små konvertible lån og tilskot: Vi tilbyr fleksibel finansiering til å teste ut ideen din, kartlegge marknaden eller lage ein første versjon av produktet ditt. Midlane kan omgjerdast til tilskot dersom mæl ikkje vert nådd, og tilbakebetalingar resirkulerast for å hjelpe nye gründerar. 

Oversikt over næringslokale: Ei enkel og oppdatert oversikt over ledige kommunale og private lokaler i regionen. 

Fleksible leigeavtalar: Vi jobbar med eigedomsaktørar for å tilby korttidsleige, delte lokaler og trinnvis oppskalering for å redusere risikoen din. 

Test ut ideen (Pop-up): Moglegheit til å teste ut konseptet ditt i ein avgrensa periode i sentrum før du forpliktar deg til langvarige avtalar. 

Gründerløftet gir deg støtte på dei tre viktigaste områda du treng for å lykkast, i tillegg til å sikre at tilbodet er varig og godt forankra. 

Korleis?

Nettwerk

Ta kontakt med oss

Catarina Batista

catarina@sognnaring.no

Ida Brastad Ramsfjell

ida@sognnaring.no