Har du ein god idé?

Sogn er ein smart plass å starte bedrift. Tilboda er gode og det er mange som ønskjer å hjelpe gode idear. Vår ambisjon er å tilby dei beste føresetnadane for å lukkast som gründer.


 

Ynskjer du eit møte med oss?

Bur du i Sogndal kommune?

 

Vi brukar den nasjonale tenesta “En vei inn”. Ved å trykke på den grøne linken under, vil du bli sendt dit. Her logger du inn med BankID og svarar på eit par enkle spørsmål. Din idé vil då bli registert i ein felles portal for hjelpemiddelapparatet . Dette gjelder også om du ynskjer ein næringsfagleg vurdering. Innovasjon Norge vil deretter sende idéen din til oss, og vi tek kontakt med deg.

… og har du en idé heilt i startfasen. Då kan du nå søke på mikrofinansiering!

Om du ikkje ynskjer å fylle ut skjemaet ovenfor, kan du ta kontakt med oss her


Vi får ofte spørsmål om dette:


Marte i Ember

Ember Logistikk

"Eg knyta kontakt med Sogn Næring under Fjellsportfestivalen i 2017. Dei tilbaud 3 månader gratis kontorplass og oppstarts-stønad om eg fekk tilslag på søknad til næringsfondet. Det fekk eg og Ember Logistikk blei starta. Eg vart fort kjend med nettverket dei har, heilt essensielt for å få i gang dei første oppdraga."

- Marte Nordgård Fossland

Kjetil brygger kaffi

Sognefjorden Kaffibrenneri

"At eg kom inn i miljøet på Campus Sogndal, fekk meg kontorlokalar og rådgjeving var heilt klart avgjerande for at ting skulle «gå vegen» for min del. Eg har fått innvilga økonomisk stønad gjennom Sogn Næring og det har vore uvurderleg ... og så er jo dette kjekke folk også!"

- Kjetil Russenes

 

Spennande oppdateringar: