Retningslinjer for påmelding - Fjellpitch 2026
Fjellpitch- ein spennande konkurranse arrangert av Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland, og HVL Skape på Fjellsportfestivalen! Vi ser fram til å motta kreative og innovative forretningsidéar frå gründerar som ønsker å markere seg i næringslivet.
Målgruppe
Fjellpitch er open for enkeltpersonar eller team som har ein nyskapande forretningsidé og ønsker å ta steget inn i gründerverda. For å kunne delta, må deltakarane ikkje vere ein del av eit inkubatorprogram eller næringshageprogram. Konkurransen er retta mot dei som søkjer å etablere seg sjølvstendig.
Firmaets status
Deltakarar må representere ein forretningsidé eller eit selskap som har vore etablert i mindre enn to år ved påmeldingstidspunktet. Dette gjeld for å sikre at konkurransen gir moglegheit for nystartede bedrifter å få naudsynt støtte og merksemd.
Firmaet må være lokalisert i Sogn & Fjordane.
Eige vilkår for studentpris
For å kvalifisera til å kjempa om studentprisen må følgjande vilkår vera oppfylt:
Man må være HVL-student i Sogn & Fjordane ved et bachelor- eller masterprogram (Du kvalifiserer altså ikkje til denne prisen hvis du kun tar eit enkeltemne)
Forretningsidéen må være etablert i mindre enn to år ved påmeldingstidspunktet.
Det må bli gjennomført minimum to uavhengige pitcher fra kvalifiserte studentar. Blir det kun gjennomført ein pitch beståande av studentar vil ikkje studentprisen bli delt ut.
Dersom du har fått tidligfasefinansiering fra HVL Skape før, kan du ikke få igjen for samme idé - men du har fortsatt moglegheit til å stikke av med de andre prisene
Påmelding
Påmelding via skjemaet nederst på denne siden.
Frist er torsdag 12. februar. Alle som har meldt seg på vil bli kontakta 13. februar, der dei som får plass i konkurransen får beskjed om dette. Dei vil vidare få tilbod om pitchetrening, som blir sett opp måndag 16. februar og tysdag 17. februar. Påmeldingsskjemaet må fyllast ut fullstendig, inkludert ein kort beskriving av forretningsidéen, og korleis ho skil seg ut i markedet.
Utvelging
Innsende forretningsidéar vil bli vurdert av ein kompetent jury beståande av ordfører i Sogndal, samt representantar frå Sogn Næring, Kunnskapsparken Vestland, Sparebanken Norge, og Innovasjon Norge.
Kriterium for utvelging inkluderer innovasjon, marknadspotensial, berekraft og gjennomførbarheit.
Dei utvalde deltakarane vil bli varsla innan 13. februar 2026.
Pitchdagen
Dei utvalde deltakarane vil få høve til å presentere forretningsidéane sine under Fjellpitch, som vil bli arrangert på Quality Hotel Sogndal 19. februar 2026.
Kvar deltakar eller team vil ha ein fastsett tid for si presentasjon, inkludert spørsmål og svar frå juryen.
Juryen vil kunngjere vinnarane etter at alle presentasjonane er gjennomførte.
Prisar
Årets Fjellpitch: 40.000 kr frå Sparebanken Vest, rådgivingstimar frå relevante aktørar til verdi av 10.000 kr.
2. plass: 10.000 krfrå Sparebanken Vest, rådgivingstimar frå relevante aktørar til verdi av 10.000 kr.
Studentprisen: 10.000 kr frå HVL Skape. Eige vilkår gjeld.
Vi oppmodar alle ambisiøse gründerar til å delta i Fjellpitch-konkurransen og dele dei unike forretningsidéane sine med oss. Lukke til!
Kontakt
Har du spørsmål? Ta kontakt med ein av arrangørane:
Stig Ove Rygg, Kunnskapsparken Vestland - stig@kpvest.no
Catarina Batista HVL Skape - ?
Ida Ramsfjell, Sogn Næring - ida@sognnaring.no