ByR - Byregionsprogrammet

Sogn Næring er operatør for utviklingsprosjektet for Leikanger, Luster og Sogndal.

Utviklingsprosjektet for Leikanger, Luster og Sogndal er ein del av Byregionprogrammet til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet. Det vart i si tid initiert av Kommunal- og Regionaldepartementet i den førre regjeringa, og vidareført av den sitjande. Programmet er administrert av Distriktssenteret.

Hovudfokus i fase 1 var kunnskapsinnhenting om det økonomiske samspelet mellom by og omland, eller i fleirkjerneregionar som Leikanger, Luster og Sogndal, som fell inn under kategorien arbeidsmarknadsregionar.

Gjennom fase 1 har prosjektgruppene som består av kommunal og politisk leiing fått eit betre innblikk i kva utfordringar næringslivet står overfor. Samtidig har vi undersøkt korleis kommunane kan bidra og arbeide saman med næringslivet i større grad for å overkomme desse utfordringane. Dette arbeidet er gjort gjennom bedriftsbesøk, nettverkssamlingar, referansegruppesamlingar, utgreiingsarbeid og internt arbeid.

På bakgrunn av dette er det skissert tre ulike tema som vi ynskjer å arbeide vidare med i fase 2. Desse punkta representerer som følgje av arbeidet i prosjektet dei fremste flaskehalsane for verdiskaping mellom Leikanger, Luster og Sogndal. Dokumentasjonen bak valet av tema er omhandla i samfunnsanalysen.

 

Konklusjonen er at fase 2 vil omhandle følgjande tema:

1.     Korleis kan kommunane utnytte tilflytningspotensialet og næringspotensialet knytt til nye former for friluftsliv og aktvitetsbasert reiseliv?

2.     Korleis kan kommunane bidra til å sikre eksisterande, og leggje til rette for nye, statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i kommunane?

3.     Korleis kan vi kople og utnytte kompetansemiljøa i kommunane til innovasjon og nyskaping?

 

Denne prosjektplanen består av tre deler. I første del vert dei grunnleggjande formelle rammene rundt ein søknad til fase 2 presentert. Deretter følg samfunnsanalysa som leier fram til val av tema som ligg til grunn for søknaden til fase 2. Siste del består av ein gjennomføringsplan for fase 2 gjennom heile prosjektperioden. Denne delen skal kun fungere som eit rammeverk, og legg opp til at eigar- og styringsgruppene saman med ny prosjektleiar spesifiserer innhaldet og legg ned milepælar ved estimert prosjektstart hausten 2015. 

Les meir om Byregionsprogrammet her.