Vi gler oss til 2021 

2020 har vore eit svært spesielt år, med koronakrisa som inntraff i mars. Vi har brukt mykje av tida vår på å forsøke å bistå bedrifter i ein svært vanskeleg periode for mange. Dei  kommunale næringsfonda og Innovasjon Norge sine ordningar har vore viktige verkemiddel, og vi har forsøkt å mobilisere til bruk av ordningane og bistå bedrifter som ynsker å arbeide med utviklings- og omstillingsprosjekt. Heldigvis er bedriftene i regionen vår offensive, det er mykje spennande på gang i Sogn!  

Vi har også gått frå å vere to til tre tilsette, og no er vi på jakt etter ein tilsett til.. Oppdragsmengda aukar og vi ser at det er behov for tenestene vi kan levere. Siste nytt er at kommunestyret i Vik har vedteke eit samarbeid med Sogndal kommune og oss i Sogn Næring om næringsutvikling, Vi takkar for tilliten, og riggar oss for eit travelt 2021. Vi gler oss til å kunne få samle næringsliv og offentlege aktørar til faglege og sosiale samlingar igjen. Med offensive kommunar og næringslivet med på laget er vi sikre på at 2021 vil by på mange spanande prosjekt. 

Vi tek gjerne imot utfordringar frå næringsliv og offentlege aktørar. Ta kontakt på telefon eller e-post, så skal vi gjere alt vi kan for å svare deg i løpet av 24 timar. 

God jul og godt nytt år!

aktueltGunn Cecilie Hundere