Vi er tilbake og klare for hausten!

 

Nokre av dei du treff på Fus på Sogndal Campus.

Etter ein forfriskande sommar, særleg for dei av oss som har vore på Vestlandet, er vi no tilbake på kontoret og klare for å sette i gang!

I Sogn Næring arbeida vi for utvikling av næringslivet i Sogn, og våre oppgåver varierer frå gründerrettleiing til større interkommanale prosjekt. Er du usikker på om vi kan hjelpe deg, ta kontakt! Vi svara så fort vi kan, og hjelper med det vi har kunnskap og kompetanse om - les meir om teamet vårt her.

Henvisningskompetanse

Er det noko vi ikkje kan bidra med har vi god henvisningskompetanse, og vi skal sørge for at du får kontakt med den organisasjonen som kan vere me å løyse dine utfordringar.

Stikk innom på Fus, da vel!

Nøl ikkje med å ta kontakt og kom gjerne innom kontora våre, vi er alltid glade for besøk :) I august og september finn de oss stort sett på Fus på Sogndal Campus, eller ein av dei andre Fus-lokasjonane våre!

 
Line Bjelde