Takk for i år - velkomen 2022!

 

Ei lita julehelsing frå oss. Vi tek nokre dagar julefri, men ta gjerne kontakt i romjula eller på nyåret!

2021 vart kanskje ikkje akkurat slik vi hadde håpa på, det vart nok eit år prega av pandemi, nedstenging og restriksjonar. For Sogn Næring sin del har det på tross av, eller kanskje på grunn av, vore eit innhaldsrikt og travelt år. Vi har gått frå å vere ein liten organisasjon på 3 stykk, til i skrivande stund vere eit flott team på 6.

I nesten eit år har vi fått bistå næringslivet i Vik på oppdrag frå Vik kommune. Læringskurva har vore bratt og aktivitetsmenga høg.

Sakshandsaming av kommunale kompensasjonsordningar har vore tidvis krevjande, men eit arbeid vi til slutt håpar kjem næringslivet til gode.

Vi har opna 2 nye Fus-lokasjonar, Remote Sogndal er lansert og første versjon av Sogn.no er publisert.

Vi ser fram til eit nytt år med mange nye spanande prosjekt, oppgåver og arrangement. Vi held fram med arrangementa våre fleire gonger i veka rundt i Sogn.

Fus-strukturen skal verte enda større, med opning av fleire nye lokasjonar, mellom anna i Vik, Lærdal og Balestrand. Sogn.no skal vidareutviklast og vi skal i gang med større prosjekt kring mat og drikke, reiseliv og på kraftkrevjande næringar - for å nemne litt av alt det vi skal ta tak i 2022.

På vegne av styre og tilsette i Sogn Næring, ynskjer vi samarbeidspartnarar, grûnderar, næringsliv, kollegaer i kommunar, fylkeskommune og utviklingsapparat og alle andre dei spennande aktørane vi er heldige å få møte, ei riktig god jul og eit godt nyttår! Vi gler oss til å brette opp armane saman med dykk og bidra til enda meir utvikling i verdas flottaste region.


No er vi snart klare for juleferie, julemat og rolege dagar med familie og vener. Men kjem kreativiteten snikande i løpet av jula, eller du får ein strålande idé etter pinnekjøtet er ete opp, send oss ein e-post, så lovar vi kjapp respons!

Julehelsing frå

May Lene, Knut Erlend, Even. Karoline, Torgeir og Line!



 
aktueltLine Bjelde