Vår forretningutviklar Karoline Søvik Myklebust og rådgjevar Ida Brastad Ramsfjell stilte opp som dommarar på kvar sin dag av Ungt Entreprenørskap sin “syretest for ungdomsbedrifter” på PEAK i Førde. Vi i Sogn Næring meinar det er viktig å arbeide med grûndermobilisering heilt ned til barneskulealder. Det er aldri for tidleg å jobbe mot gode ideear, og Ungt Entreprenørskap skapar ein fin arena der unge i heile Vestland får utforske eigne ideear.
Vi fekk møte unge lovande frå heile Sogn og Fjordane og i år var det mange påmelde frå Sogn, noko som vi synes er ekstra kjekt. Vi gler oss til å følje desse bedriftene vidare i konkurransen og har invitert sognabedriftene til å ta kontakt dersom dei ynskjer det!
Bilde frå UE.no
Saman med Ungt Entreprenørskap og Sogn Regionråd er vi også godt i gang med planlegginga av den regionale entreprenørskapsmessa som vert arrangert i Vik 25.april 2023, der vi igjen skal vere med å løfte skaparlyst blant dei unge i Sogn.