Stort oppmøte på lunsjarrangement med Arve Uglum frå Sogn Avis

I over eit år har Arve Uglum vore redaktør i lokalavisa vår. Kva har han lukkast med og kva ønskjer han å få til framover var temaet på lunsjarrangementet denne veka.

Onsdag 16.03 fekk vi besøk av Arve Uglum på Campus Sogndal for ein prat om lokalavisa sin plass i framtidas mediebilde.

Arve gav dei oppmøtte eit innblikk i korleis Sogn Avis har arbeida for å bli ei lokalavis som presterar særs godt samanlikna med andre lokalaviser rundt i landet. Med fokus på kvalitet, ærligdom, og innhald som treff dei aktuelle lesargruppene vil Sogn avis fortsette å bygge opp ei lojal lesargruppe i alle aldrar.

Det er beslutta at Sogn Avis skal flytte kontora sine frå Leikanger til Sogndal. Dette er ei bevisst strategisk handling ettersom mykje av innhaldet naturlig blir retta frå Sogndal, og ved å vere lokalisert sentralt vil dei ha eit bedre utgangspunt til å fange opp saker som er interessante for lesarane. Sogn Avis skal likevel jobbe målretta med å vere ei avis for heile regionen, dette viser igjen ved at dei har tilsett folk i ulike delar av regionen.


Stort oppmøte viser at mange er interesserte i framtida til ei lokalavis som trassar trendar i næringa.