Stolt leverandør til næringshageprogrammet

Vi i Sogn Næring er stolte av å vere leverandør til SIVA sitt næringshageprogram gjennom samarbeidsavtale med Sognefjorden Næringshage. No syner ein ny rapport frå Statistisk Sentralbyrå markant meirvekst og høgare verdiskaping for bedriftene i Siva-støtta næringshagar.

Næringshageprogrammet har som hovudmål å legge til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling av norsk distriktsnæringsliv. Programmet skal i tillegg være eit verkemiddel for fylkeskommunen og bidra til at fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør vert styrka. Visjon i programmet er "Skape levedyktig og framtidsretta næringsliv i distriktene".'

Sognefjorden næringshage er eit fellesskap av bedrifter som arbeider for utvikling av næringslivet i regionen. I Sogn har vi samlokaliserte klyngemiljø i Aurland, i Gaupne og på Campus Sogndal, men næringshagen har og målbedrifter andre stader i regionen. Alle målbedriftene har tilbod om kontorfasilitetar og møterom i miljøa i Sogndal og Aurland.

Sogn Næring leverer mellom anna tenester til strålande bedrifter som Digital Etikett, Printfarm, Idrettssenteret, Avery Dennison NTP, Skjolden Hotel og Haugen Gardsmat.

Forrige
Forrige

Fylkesutvalet går for nattstasjonering

Neste
Neste

FUS - Nytt gründersenter i Sogn