Amazing Fjords er miljøfyrtårnsertifisert

Whatever it is, the way you tell your story online can make all the difference.

Amazing Fjords leverer skreddersydde turar og events både til bedrifts- og privatmarknaden. No er verksemda miljøfyrtårnsertifisert. Det synlege beviset fekk Carl Andre Riiber overlevert frå ordførar Roy Egil Stadheim på frukostmøte i Vik Næringssamskipnad.

-Vi i er utruleg over å vere Miljøfyrtårn-serifiserte, seier Carl Andre Riiber. -No har me eit synleg bevis på at vi tek ansvar, og eit konkret verktøy for å jobbe kontinuerleg med miljøforbetringar og grøn omstilling. No kan vi overvake eige fotavtrykk, men og hjelpe bedrifter og privatkundar med å nå deira mål om meir bærekraftige turar og opplevingar. Vi produserer eigne berekraftprogram og rundturar for små og store grupper med minimale miljøavtrykk.

Tenker du at miljøfyrtårnsertifisering kan vere noko for bedrifta di? På Campus i Sogndal har Heidi Fossnes Helle etablert Rørsla som kan gje deg gode råd i prosessen.

Ta gjerne ein kikk på den flotte reklamefilmen frå Sogn som Amazing Fjords fekk laga i 2020:

aktueltGuest User