Søkjer næringshageprogrammet

Næringshageprogrammet i Sogn er eit samarbeid mellom Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage.

Sogn Næring søkjer saman med Sognefjorden Næringshage om opptak i Siva sitt nasjonale næringshageprgram med neslagsfelt i kommunar: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Dei to aktørane har saman med Inviro og Stryn Næringshage operert næringshageprogrammet i Sunnfjord, og gjennom søknaden uttrykker vi og vilje til å bidra i Høyanger og Sunnfjordkommunane.

Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring skal vidareutvikle samarbeidet gjennom dei siste 11 åra for å gje bedrifter i Sogn og Sunnfjord best mogeleg bistand i dei neste 10 åra. Målet for samarbeidet er eit best mogeleg tilbod til næringslivet og effektiv bruk av ressursane sett av til næringshageprogrammet. Det er og ei målsetjing at næringslivet i regionen skal oppleve eit heilskapleg, samordna og saumlaust offentleg verkemiddelapparat for næringsutvikling.

Profilen på programmet i Sogn vil vere ganske brei, med spesielt fokus på reiseliv, mat og drikke, service og småindustri. Det skal og jobbast med å profilere bu- og arbeidsmarknadsregionen Sogn og med rekruttering.

Næringshageprogrammet går i 10 år, frå 01.01.2023 og vert ei viktig forsterking av det gode utviklingsarbeidet som pågår i Sogn. Søknaden legg opp til ei årleg finansiering frå Siva og Vestland Fylkeskommune på 2.8 millionar kroner.

Frå Sogn og Fjordane søker Stryn Næringshage, Aksello, Klar Bedrift og Sunnfjord Innovasjonsarena om næringshageprogrammet i tillegg til Næringshageprogrammet i Sogn.

Meir om næringshageprogrammet, den vidare prosessen og kven som har søkt finn du her.

aktueltGuest User