Signerte samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet

Samarbeid om mobilisering og kulturbygging for gründerskap blant ungdom og studentar. Det er utgangspunkt for avtalen som vart signert mellom Høgskulen på Vestlandet og Sogn Næring måndag.

Dei to organisasjonane går saman om ei felles rådgjevarstilling som skal bistå ungdom som vil skape arbeidsplassar for framtida. Stillinga vert lyst ut om kort tid, og saman skal dei to organisasjonane jobbe tett opp mot ungdom i Sogn som ønskjer å skape noko.

-Det er slik vi ønskjer å byggje Campusene våre framover, seier prorektor ved HVL, Geir Kåre Resaland. -Gründerskap er ei viktig satsing for oss og ein viktig satsing for Sogndal kommune og Sogn Næring. Då er det heilt naturleg at vi går i lag om ei forsterka felles satsing.

-Arbeid med gründerar er ei av våre viktigaste oppgåver, fortel Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring. -Studentane ved HVL, elevane ved dei to vidaregåande skulane og ved folkehøgskulen fortener meir merksemd. Når HVL har liknande mandat for si revitaliserte HVL Skape-satsing må vi sjølvsagt søkje samarbeid.

Det vert og lyst ut studentassistentstillingar i satsinga.

HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet sitt studenttilbod innan innovasjon og entreprenørskap som strekk seg utover det som skjer i fag og emner, og er eit tilbod for alle studieretningar og på alle campus. HVL-studentar kan gjennom HVL Skape få hjelp til å vidareutvikle ideane og prosjekta sine, delta på arrangement og få finansiering. Samstudes er HVL Skape eit studentinnovasjontilbod som er noko breiare enn utviklinga av kommersialiserbare forskingsidear. Like viktig er det å etablere ein kultur for entreprenørskap og utvikle ferdigheiter og metodar som gjer at studentar etter si utdanning kan gå inn i eksisterande arbeids- og næringsliv og bidra til innovasjon.

HVL Skape er dessutan viktig for campusutvikling, og skal bidra til «sticky campus» eller ein campus der studentane ønskjer å vere sjølv utan om undervisningstider. HVL Skape skal bidra til at campus vert fylt med yrande liv, myke sosial interaksjon, og auka læring for studentane.