Takk for godt oppmøte

2022 var året då me endeleg kunne samlast att, og det har vi gjort til gangs.

Vi er glade for å ha sett så mange av dykk på arrangementa våre i år. Tusen takk til alle som har stillt opp og gjort arrangementa interresante og ikkje minst til alle medarrangørar!


I året somm har gått har vi samla folk på større og mindre arrangement. Det har vert godt med oppmøte på både lunsj med påfyll, frukostmøter, kurs og nettverkssamlingar. Av større arrangement har vi samarbeida om Innovasjonsdagens Sogn og Næringskonferansen i Flåm.

Årets siste arrangement vert Heim til jul, eit arrangement for å synleggjere alle dei spennande arbeidsmoglegheitene i Sogn.

Gled deg til neste år

Til neste år skal vi halde fram med dei faste møteplassane våre, og kjem attende med spennande og aktuelle tema. Årets første frukostmøte i Sogndal er allereie planlagt saman med Pwc, med tema Skatteutvalet og konesekvensar for næringslivet.

Vi skal arrangere Fjellpitch under Fjellsportfestivalen og det vil kome fleire kurs, seminar og konferansar - det er berre å glede seg og følgje med i nyheitsbreva våre for meir informasjon!

Spel gjerne inn tema om det er noko du ynskjer vi skal ta med oss i planlegginga av neste års arrangementskalender!

Vi gler oss til å sjå dykk att til neste år!