Rekrutteringstrategi og arbeidsgjevarprofilering

20. september inviterer vi saman med Framtidsfylket til kurs i rekrutteringstrategi og arbeidsgjevarprofilering på Campus Sogndal.

Folk er bedrifta sin viktigaste ressurs og kampen om dei riktige arbeidstakarane vert stadig tøffare.

Eit tema Framtidsfylket og vi verkeleg brenn for er employer branding, eller arbeidsgjevarprofilering, på godt norsk. Det handlar rett og slett om kva grep bedrifta tek for å bygge opp og styrke selskapet sitt omdøme mot arbeidstakarar. Kva gjer bedrifta di til ein attraktiv arbeidsplass? Kvifor skal nokon ønske å jobbe hos akkurat deg?

Arbeidet med å finne nye tilsette startar gjerne lenge før du faktisk har eit akutt behov for å rekruttere. Kurset vil motivere og gjere deg betre rusta til sjølv å jobbe strategisk med rekrutteringsarbeidet i di bedrift.

Saman med Framtidsfylket og PWC vil vi invitere til eit dagskurs med dette som tema. Invitasjonen kjem rett etter sommaren, så følg med i innboksen din og på nettsidene våre.