Ny kompensasjonsordning for reiselivet

Oppdatert 4. november 2020.

Reiselivsnæringa står framføre ein tøff vinter, med stort behov for bistand og føreseielege rammer. Det er no lagt fram ein ny kompensasjonsordning for reiselivet, som skal gjelde frå 1. september til ut februar 2021, med moglegheit for forlenging. Ordninga bygger på den midlertidige tilskotsordninga for føretak med stort omsetningsfall som gjekk ut august 2020. 60 prosent av ei bedrift sine faste kostnadar vil bli dekka.

Kven vil kunne få støtte?

Ordninga vil mellom anna omfatte:

  • Overnattingsbransjen

  • Serveringsbransjen

  • Alpinanlegg

  • Event-, messe- og konferansearrangørane

  • Passasjertransport med buss og båt

  • Reiselivsrelatert utleie av biler og sports- og fritidsutstyr.

Søkaren må kunne bekrefte at hovuddela av inntekta kjem frå reiselivsreta verksemd som er meint omfatta av ordninga, uavhengig av kva næringskode bedrifta er registrert med.  

Kva er kravet for å få penger?

Tilskotet blir berekna på same på måte som i den midlertidige kompensasjonsordninga for næringslivet. Det vil seie at kompensasjonen utgjer bedrifta sine faste, uunngåelege kostnadar, justert for omsetningsfall og deretter ein justeringsfaktor.

For å kvalifisere for tilskot må føretaket kunne vise til eit omsetningsfall på 30 prosent eller meir. Andre mottekne offentlege tilskot og inntektssikring som er gitt i samband med virusutbrotet skal reknast med i månadens omsetning.

Les meir om ordninga på regjeringa.no.

 

aktueltGunn Cecilie Hundere